Tradisjonsbakst knytt til julefeiring
Tradisjonsbakst knytt til julefeiring Jula er kanskje den høgtida der tradisjonar stå sterkast. Når det kjem til mattradisjonar og julebakst har mange faste slag som ein bakar. Mange har pepperkaker, julemenn, kokkosmakronar, smultringar og lefser som faste innslag på julemenyen , men kvifor er det akkurat dette vi baka til jul? Mattradisjonar knyt til høgtider er i følgje Riddevold dei mest konservative ( Riddervold, 1994. s.27). Takkebaksten til dømes går heilt attende til førindustriell tid då bonden i stor grad var sjølvforsytande, med unntak av varer som salt og rug. Rug er eit kornslag som er for ømfintleg for det barske nordiske klimaet. Dette vart importert i frå England, i bytte mot tørrfisk. Korn som bygg og havre dyrka ein sjølv. Rug vart nok derfor berre nytta til fin baksten, slik som til jul ( Riddervold ,1979.S.2). Varer som vi ofte nyttar i den moderne kake og lefse bakinga slik som ,egg og sukker hadde ein ikkje. Gris og høne kan ikkj...