Formidling av tradisjonsmat på Haualeitet





Under forskingsdagane ved Høgskulen i Volda, får studentane i Mat kultur og konservering i oppgåve å formidle matkultur på Haualeite. Haualeite er ein del av Volda bygdetun. Her er det samla 20 ulike hus frå ulike gardar på Sunmøre . Desse husa er frå omkring midten av 1800-talet. Slik kan ein få ein autentisk oppleving av korleis folk levde og budde i gamle dagar (Volda Bygdetun,Volda, 2019).

Mi gruppe fekk i oppgåve å bake flatbrød denne dagen. Eg hadde laga deiga dagen før slik at den skulle stå over natta. Oppskrifta eg brukte fant vi i God bitar frå besta si kokebok-tradisjonsmat frå Sunmøre:


Flatbrød med bygg

600 g byggmjøl
200 g sam. Kveite grov
200 g rugmjøl
1 ts salt
Ca 7 dl kaldt vatn

Bland alt det tørre. Set til vatn, arbeid godt saman. Lag emne på størrelese med eit rundstykke. Trill ut og trykk flatt. Bak ut til tynt flatbrød. Steikast på takke. Hurtig steiking for å få sprøtt flatbrød (Lyster & Hatløy, s.149)





Dagen på Haualeite



Flatbrød steikinga gjekk føre seg innomhus i Vassbakkestova som er ei husmanstove frå 1800- talet. Så omgjevnadane var heilt optimal for å drive med tradisjons mat og formidling rundt det temaet. For å skape ekstra god stemning sett vi gutane til å fyre på grua. Dette oppdraget tok dei med blodig alvor og gjorde ein formidabel innsats for å få fyr.


                                                                                                   Bilete teke av Aud Marit Ramberg


Medan gutane fyrte i grya, gjekk eg laus på bakinga. Her er bilete av det fyrste flatbrødet vi baka.




Bilete teke av Aud Marit Ramberg

Ivrig flatbrødbaking


Det gjekk ikkje lange stunda før det kom folk. Både unge og gamle kom for å prøve å bake flatbrød. Eg stod for steikinga av flatbrøda medan Aud Marit  hadde ansvaret for å hjelpe til med utkjevling av flatbrøda. Vi brukte ei oppskrift som inneholdt mykje bygg. Dette er ein kornsort som historisk sett vart mykje brukt i Noreg.  







  Her ser ein mange ivrige flatbrødbakarar i aksjon.



                                                                                                     Bilete teke av Aud Marit Ramberg

Formidling av flatbrød som trasijonsmat


 Ungane synest det var artig å høyre om korleis folk bake flatbrød i gamledagar og at dei brukte flatbrødet til fat. Det å kunne ete opp fatet konkluderte vi med var ein lur måte å spare på oppvasken på. Dei meir vaksne gjestane våra ville gjerne fortelje oss om korleis dei hugsa flatbrødbaking i sin oppvekst. Ein fortalte ivrig om korleis han vakna om morgonen på bakstedagane før jul av ein dunkelyd som kom i frå kjellaren. Då var dei allereie i gong med å kjevle ut leivane. Bakstedagane var faste dagar, to gongar i året. Dei fant stad i november og i juni. Ein kunne fortelje at far hans stekte flatbrøda medan kjerringane baka. I boka God bitar frå besta si kokebok finn ein liknande historier om bakstekjerringar som reiste rundt for å bake flatbrød. Flatbrøda vart baka på systematisk måte der den eine laga emne av deiga som ho kneip og klappa ut til runde flate kaker. Ei anna bakstkone baka føre og ei anna baka etter. Ein skulle og kjevle ut deiga på ein spesiell måte. To gonger fram , ein tilbake for så å snu emne med sola. Slik vart nok lyden av kjevla som slo mot bordet nesten som musikk ( Lyster & Hatløy, s. 137).

 


Litt om flatbrødets historie



Noko av det eldste brødet ein kjenner likna nok meir på graut en på brød. Deigen blei smurt . på ein rund stein eller ei helle og steikt på bålet. I oldtida sine sivilisasjonar som det gamle Egypt og Babylon var kornet brukt til øl og brød. Dette var varer som var mykje verdt og brukt som betalingsmiddel (Bjørnestad,2005 s.37) .
I Noreg har det vore dyrka korn tilbake til 4000 f.kr. I jernalderen var klimaet varmt og det vart dyrka varmekrevjande kornsortar som tokorn, spelt og nake bygg har bygg og havre. Seinare vart klimaet kaldare og klimaet var ugunstig for dyrking av desse kornslaga. Rug havre og kveite vart då importvare ( Bjørnstad,2005 s 44-45). I viking tida var det gjerne jarlar og rikfolk som åt brød bakt av kveite. Folk av lågare rang bakte eit ugjæra brød av havre og vatn som dei pakka inn i kålblad. Desse brøda vart kalla oskubakat braud. Desse brøda vart stekt i grua (Bjørnestad, 2005 s.66 ).
 I Noreg fekk ein rundt 1200-talet vassdrivne møller. Å bake flatbrød av mjølet er ein fin måte å konservere mjølet på. Så  etter ein hadde male kornet baka dei flatbrød i store mengder.   
Flatbrødet vart brukt som ein spiseleg tallerken, der ein hadde ost , fisk eller kjøtt på.  Flatbrød vart til opp på  1900-talet omtala som brød. Det vi i dag kalla brød vart då omtala som kake eller stump( Bjørnestad, 2005 s.66). 

    

Her er bilete av ei gamaldags stein takke, som ein brukte  når ein steikte i grua.






Takke til steiking av flatbrød, av Utne, O.2016(http./lokalhistoriewiki.no/wiki/Flatbrød)




Litteraturliste

Bjørnstad, Å. (2005). Korn-frå steinalder til genalder. Landbruksforlaget.

 Stiftinga Sunmøre Museum (2019) Volda Bygdetun, Volda. Henta i frå: //sunmore.museum.no/musea/volda-bygdetun

 Flatbrød (24.09.2016) Henta frå Wikipedia 24.09.2019 : https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Flatbr%C3%B8d  

Lyster, I., & Hatløy, O. M. (u.d.). God bitar frå besta si kokebok-tradisjonsmat frå Sunnmøre. Sanseleg Forlag DA.








Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen